|
Om oss
| Kva er
Sunnfjordlaget? |
Kor er Sunnfjord? |
Den nye fana
til Sunnfjordlaget |
Kva er
Sunnfjordlaget?
Sunnfjordlaget i
Bergen er eit allmennyttig lag nærast ein stiftelse som er
eigd av sine medlemmer. Laget vart stifta 7. desember 1917 av utflytta
Sunnfjordingar frå Sogn og Fjordane, og hadde som føremål
å samle folk frå Sunnfjord til felles aktivitetar og festlege
samkome.
Laget sine
lover seier at alle som ætta frå Sunnfjord og alle dei som vil
støtta formålet med laget, kan vere medlemmar i laget. I dag er vi
omlag 100 medlemmer som atter møtast til sosialt samkvem og dyrking av
felles interesser på Sunnfjordheimen i Fana. Drifta
i Sunnfjordlaget har vore mangfaldige opp gjennom åra med Sunnfjordheimen
som det naturlege samlingspunktet for lagsmedlemmane. Kulturaktivitetane har
vore mellom anna songlag, spellag, teater-lag, leikarring, saumarlag(husflid),
skyttarlag, marknader, kafédrift og dansefestar. I tillegg til at laget
har betydd mykje for den enkelte medlem har også dette hatt ein
ringverknad for Bergen by reint allmennkulturelt. Folk frå Sunnfjordlaget
var til dømes mellom dei fremste under skipinga av sams særlag i
Bergen (m.a. idrettslaget Gular og Bygdelagsnemndi i Bergen) og ved skipinga av
Vestlandske Teaterlag og Setermuseet på Fanafjell. Sunnfjordlaget er
medlem av Bygdelagsnemdi i Bergen Når ein ser attende på
alle desse åra som laget har eksistert, så har lagsarbeidet
gått i bølgjedalar. Periodar med stor aktivitet har vorte
avløyst av år med mindre aktivitet. I store deler av 1990-talet
var det svært liten aktivitet i laget, før ein ny gjeng
sunnfjordingar i 1999 gjekk i gang med å blåse nytt liv i laget.
Ein må sanne at i dag er det mykje vanskelegare å drive
tradisjonelt lagsarbeid enn tidlegare, og dette gjeld ikkje berre
Sunnfjordlaget, men mykje av ideelt lagsarbeid. Den store utjamninga mellom by
og land, og at ungdommen har meir pengar mellom hendene har gjort at
interessene og ressursar er spreidde over mange felt, og i større grad
lokalisert til det enkelte nærmiljø i Bergen og omegn.
Dette har styret tatt til etterretning, ved å ha hatt fokus på
naudsynt opprustning av eigedomen i perioden 1999-2003, slik at ein gjennom det
har lagt forholda til rette for medlemmer med gode idear og som ynskjer å
bruke eigedomen til ymse aktivitetar.
Kor er Sunnfjord?
Sunnfjord er
ein av tre regionar i Sogn & Fjordane fylke. Dei to andre to er Sogn og
Nordfjord. Sunnfjord består i dag av i alt 8 kommunar; Askvoll,
Bremanger, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Jølster og Naustdal.
Laget si nye fane under viser alle kommunane i Sunnfjord. Laget si gamle
fane frå 1920-talet viser alle dei gamle kommunenamna, før den
store kommunesamanslåinga i 1964.
Sunnfjord består av
følgende kommuner: Askvoll, Bremanger,
Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Jølster, Naustdal.
Kommunene
før 1964 bestod av: Askvoll,
Bremanger, Bru, Eikefjord, Fjaler, Florø, Førde, Gaular,
Jølster, Kinn, Naustdal, Vevring.
Laget si nye fane frå
1982 viser kommunane i Sunnfjord etter samanslåingane i
1964.
Ynskjer du sjå
større bilde - klikk på bilda under
 Forside - Ny Fane |
 Bakside- Ny
Fane |
|
|
 Forside - Gammel
Fane |
 Bakside - Gammel Fane |
|