Sunnfjordheimen

Gamle Sunnfjordheimen

Det har vore to "Sunnfjordheimar" sidan laget vart skipa i 1917.
Den gamle og den nye Sunnfjordheimen.
Du kan lese mer om nye Sunnfjordheimen HER

Sunnfjordlaget kjøpte den første Sunnfjordheimen i 1927. For mange var dette ein kjærkomen ”heim” og samlingsstad for innflyttarar til Bergen på den tida. Den gamle Sunnfjordheimen som låg i Ytre Morvik i Åsane vart kjøpt i 1927 og hadde som oppgåve å vere ein utferdsstad for laget.

Sunnfjordheimen bestod av hovedhuset og forsamlingshuset "Bua". I hovedhuset var det stover og kjøkken og i andre høgda soverom.

Dei viktigaste lagsaktivitetane var Skyttarlaget, Spellaget, Leikarringen og Saumarlaget. I over 40 år vart det gjort ein stor innsats av medlemmane, med utbygging og vedlikehald av eigedommen, like til den vart ”tvangsseld” i 1968.



  Hovedhuset på Sunnfjordheimen i Ytre Morvik i Åsane.


Under krigen var det tyskarane som hadde hand om Sunnfjordheimen og den var mykje nedsarva då freden kom.

Det vart gjort ein stor innsats for å få sett husa i stand att, og etter nokre år vart hovedhuset flytta til ny grunnmur med flott kjellar og kjøkken. Nesten alt arbeid vart gjort av medlemmane, og det vart her halde mange kjekke møter og festar, med oppvisning av skodespel og dans på "bua".

Salg av Sunnfjordheimen.

I slutten av 1960-åra kom det veg over eigedomen, og busetnaden auka og nærma seg Sunnfjordheimen.
Då det kom rykte om at Åsane kommune ville ekspropriera eigedomen, vedtok laget etter nøye drøftingar at ein skulle selja eigedomen til høgstbydande.

 
  Feststemnde sunnfjordingar samla foran hovedhuset (no kvitmåla).
 
I 1968 selde laget eigedomen i Morvik for kr. 287.000. Laget såg seg derfor etter ein ny passande eigedom som kunne tene formåla og støtte opp om aktivitetar i laget. Auga falt på ein eigedom på Stamsneset i Fana, som tidligare tilhøyrte Sundts Funksjonærers Rekreasjonsfond.
Eigedommen var brukt av funksjonærane tilsett hos etterkommarane av forretnings-mannen Sundt, som eit frilufts-/ tidsområde, og passa utmerka til Sunnfjordlaget sine formål og aktivitetar. Sunnfjordlaget kjøpte eigedom(g.nr.32, b.nr. 25-27) frå dåverande eigar;
A/S Bergen Mekaniske Verksteder.
 
  Feststemde sunnfjordingar samla foran "Bua" på Sunnfjordheimen.
     
  Feststemde sunnfjordingar samla i "Bua" på Sunnfjordheimen.