LOVER  FOR  SUNNFJORDLAGET  I  BERGEN

Vedtekne 7. desember 1919,  gjennomgått og endra 21. mars 1934, 24. februar 1972, 12. mars 1985,  17. juni 1992,
13. mai 2000 og 28. mars 2001.


1.    Formål 

1.1.   Sunnfjordlaget sitt formål skal vere å samle folk frå Sunnfjord til samarbeid for norsk mål, sed og skikk.  Det skal elles arbeide for å styrkje samkjensla mellom Sunnfjordingar i Bergen og prøve på beste måte å få det hugnadsamt på dei samkomer laget har.  Likeins skal ein søkje å styrkje heimelsken og alt som kan hjelpa til å halde oppe banda til Sunnfjord og heimbygda. Laget bør også så langt råd er stø Sunnfjord Sogelag og andre liknande kulturelle føremål i Sunnfjord 

1.2.   Desse formåla søkjer ein å nå med mellom anna foredrag, festlege samkome, opplesing, utgjeving av blad og ved at ein  på andre måtar legg til rette for at folk kan komme saman i leik, fritid og til ymse syslar. 

1.3.   Medlemmar kan dei verta som er ætta frå Sunnfjord og som elles vil fremja føremålet med laget og betalar dei årspengar som er fastsette. Lagspengane vert fastsette på kvart årsmøte.

 

 

2.    Laget sine organ 

2.1.     Årsmøtet 

2.1.1.     Årsmøtet sin kompetanse 

Årsmøtet er laget sitt høgste organ, og gjennom årsmøtet tek medlemmane ved røysting alle avgjerder i laget som ikkje særskilt er lagt til andre.  Røysteføre på årsmøtet er kvar medlem som har fylt 15 år, og har betalt lagspengar det året årsmøtet vert halde eller året før. Årsmøte skal handsame alle saker som etter lova høyrer under årsmøte.  

Leiaren i laget leier årsmøtet.  Dersom han ikkje er tilstades skal nestleiaren leie møtet.  Årsmøtet kan elles velje eigen ordstyrar mellom dei frammøtte medlemmane.

 

2.1.2.     Innkalling.  

Ordinært årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av mars.

Styret kallar inn til årsmøte med minst 14. dagars varsel, ved kunngjøring i pressa og ved skriftlig melding til kvart medlem.  Innkallinga skal nemne tid og stad for årsmøtet og saklista for årsmøtet, og innkomne saker som skal handsamast på årsmøtet.

Framlegg til saker som medlemmane ynskjer å ta opp på ordinært årsmøte må vere innkomne til styret seinast 14 dagar før innkallinga vert sendt ut, og seinast 31. januar.

For å handsame og avgjere saker som krev 2/3 fleirtal, må hovudinnhaldet i framlegget fylgje med den skriftlege innkallinga til kvart medlem.

 

2.1.3.     Årsmøtet sine oppgåver 

Det ordinære årsmøtet skal handsame og godkjenne årsmelding og årsrekneskap frå styret, dei sakene som er nemnt i innkallinga, og gjere dei val som fylgjer av lovene her.

Det skal førast protokoll over alle saker som er føre på årsmøtet.  Det skal gå fram av protokollen kor mange medlemmar laget har, og kor mange av desse som møtte fram. Årsmøtet vel 2 av dei frammøtte medlemmane til å godkjenne og underskrive protokollen for årsmøtet.

2.1.4.     Ekstraordinært årsmøte 

Styret kan kalle inn til ekstraordinært årsmøte når dei finn det turvande, eller når minst ein tredjedel av medlemmane krev det skriftleg, og samstundes nemner kva saker dei vil ha føre.

Det ekstraordinære årsmøtet skal handsame dei sakene som er nemnt i innkallinga til møtet. 

Elles gjeld reglane for ordinært årsmøte så langt dei høver. 

 

2.1.5.     Vedtaksfør 

Årsmøtet kan ikkje med bindande verknad for laget ta avgjerd i saker der mindre enn ein tidel av laget sine medlemmar er tilstades, og ikkje i noko fall med mindre enn 10 røyster.  Er årsmøtet ikkje vedtaksfør, må det lysast til nytt møte der det går fram at laget kan verte avvikla om det ikkje møter fram nok medlemmar til at årsmøtet vert vedtaksfør.  Vert heller ikkje det nye årsmøtet vedtaksfør skal Rådet ta avgjerd om kva som vidare skal skje med laget.


2.2.     Styret

 

2.2.1.     Val og samansetning  

Årsmøte vel kvart år leiar i laget og eit styre på 4 lagsfolk og 2 varamedlemmar.  Leiaren i laget er også leiar i styret.  Kvart styremedlem vert valde særskilt av laget. Minst to av dei styremedlemmane som har stått stuttast tid, må taka omval, dersom laget ynskjer det.  

  

2.2.2.     Kompetanse og oppgåver 

Styret står for den daglege drifta av laget, og skal sørgje for ei forsvarleg forvaltning av Sunnfjordhytta og laget sine eigedelar, og at drifta av laget er i samsvar med lover for laget og vedtak gjort av årsmøtet.

Leiaren, eller den styret har peika ut for den aktuelle saka, representerer laget utetter.

Styret kan ikkje fatte avgjerd om å avhende eller bandleggje nokon del av laget sin faste eigedom, eller tresnitt av N. Astrup.

Styret skal utføre dei oppgåvene det vert pålagt av årsmøtet og som elles fylgjer av lovene til laget. 

Styret skal føre møteprotokoll.

 2.2.3.     Styremøte 

Leiaren kallar saman styret så ofte det er turvande.  Innkalling skjer på den måten som er høveleg, men slik at det skal gå fram av møteprotokollen på kva måte det er kalla inn til møtet, og kven som var varsla.  I mindre saker kan styret halde møte på anna tenleg vis for raskt og enkelt å avgjere slike saker. 

2.2.4.     Vedtaksfør 

Styremøtet kan ikkje ta avgjerd med mindre enn tre røyster.  I mindre saker som vert avgjort utanom vanlege styremøte skal heile styret seie meininga si før det vert tatt avgjerd.


2.3.     Rådet

2.3.1.     Val og samansetning

Årsmøtet vel kvart 5. år eit råd på 5 medlemmar av fastbuande lagsfolk.  Går eit medlem av rådet ut av laget, skal det på første årsmøte veljast nytt medlem til rådet som sit ut 5-års bolken. 

2.3.2.     Oppgåver 

Rådet si oppgåve er å føre tilsyn med at aktivitetane i laget er i samsvar med formål og vedtekne lover, og koma med framlegg til laget om skifting av eiga ved opphøyr av laget.

Styret og revisor pliktar å gje rådet alle opplysningar dei treng for å utøve tilsynet.


3.    Røystereglar, fullmaktshøve og ugildskap 

3.1.   Valnemnd

Årsmøtet skal kvart år velje ei valnemnd på 3 lagsfolk, som skal koma med framlegg til vala på neste årsmøte.  Det skal avgjerast kven som skal kalle saman valnemnda, og styret skal i god tid før årsmøte varsle denne med frist for å fremje framlegg til val. 

3.2.   Røystereglar 

Alle avgjerder i laget vert gjort med vanleg fleirtal av røystene om ikkje anna er særskilt fastsett.  Er talet på røyster likt etter ordinær røysting, tel leiaren si røyst for to.  Røysting skal skje skriftleg om nokon av dei som skal røyste krev det.  Elles skjer røysting slik det er tenleg i kvar sak, men slik at talet på røyster og korleis dei var fordelte går klart fram. 


3.3.   Fullmakter. 

Røystefullmakt skal være skriftleg, datert og underskriven.  Det skal gjevast særskilt fullmakt for kvart møte.  Ingen kan ha fleire enn ei fullmakt i tillegg til si eiga røyst.  Ei fullmakt kan kva tid som helst kallast attende, og gjeld ikkje dersom medlemmen sjølv møter. 

3.4.   Ugildskap 

Ingen kan ta del i røysting om avgjerder som gjeld ein sjølv, eller saker der ein har særleg personleg eller økonomisk interesse eller vinning.


4.    Eigedelar, forvaltning, rekneskap og revisjon 

4.1.   Bunden kapital 

Laget skal ha til ei kvar tid ha ein bunden kapital, som skal stå urørlege og er forsvarleg ut frå risikoen ved, og omfang av, aktiviteten i laget. Sunnfjordlaget sin faste eigedom med tilhøyrande bygningar på Stamsneset i Bergen, og laget sitt tresnitt av N. Astrup skal som minimum inngå i den bundne kapital.   

 

4.2.   Rekneskap 

Styret skal sørgje for at det vert ført rekneskap over laget sine eigedelar og gjeld, og laget sine inntekter og utgifter.  Styret skal legge fram ettersedd rekneskap til kvart årsmøte.

4.3.   Revisjon 

Årsmøte skal velje ein eller fleire revisorar, som skal gjennomgå rekneskapen for laget før årsmøtet. 

 


 

5.    Særlag og anna 

5.1.   Særlag 

Skulle der innan Sunnfjordlaget verte skipa særlag eller nemnder,  kan desse sjølv velje sitt styre og konstituere seg.  Desse særlag eller nemnder er underlagt, og pliktar å arbeide i samråd med, styret i Sunnfjordlaget, og halde seg innanfor laget sine lover.  


5.2.   Sunnfjordposten 

Laget skal så langt råd gje opplysning om laget og drifta gjennom Sunnfjordposten 

Sunnfjordposten kan gjevast ut som trykt blad og ved anna formidling. 

Laget skal så langt det er råd ha heimeside på Internett med informasjon om laget og anna som har interesse for medlemane, eller på annan måte tener til å fremje laget sitt formål. 

Formannen har redaktøransvar for Sunnfjordposten og heimesida på Internett.  Styret skal inngå i redaksjonen for Sunnfjordposten og heimesida.  Det kan på årsmøtet eller i styret gjerast vedtak om at eit anna særskilt utpeikt medlem skal ha redaktøransvar, og at ei særskilt valt gruppe skal ha redaksjonsoppgåva.

 

 6.    Møter, samkome, framferd 

6.1.   Møte i laget kan haldast kvar 14. dag, eller så ofte som styret finn det høveleg.  Møta vert leia av leiaren, eller, om han ikkje kan møte, ein annan av styret.

6.2.   På festar og andre særsamkome styrer dei som er valde til det.  Festnemnda må då likevel gjera styret i laget kjent med tilstellinga, såleis at ein kan vera meir trygg for at det ikkje vert noko føre som kan vera til skade for laget. 

6.3.   På laget sine samkome og utferder, så vel på Sunnfjordheimen som andre stader der ein deltek i namnet åt Sunnfjordlaget, skal ein syne sømeleg framferd.  Ingen må fare fram slik at dei kan være til skam eller skade for laget eller på anna vis setje namnet åt Sunnfjordlaget, Sunnfjord eller Sunnfjordingar i vanry.  

6.4.   Lagsfolk som er til skam eller skade for laget kan av styret verta utviste frå laget.  Styret sitt vedtak kan krevjast framlagt på årsmøtet til avgjerd.  Til bortvising krev at 2/3 av møtelyden er samd i det.

    

 

7.    Oppløysing av laget 

7.1.   Avgjerd om oppløysing av laget vert gjort av årsmøtet.  Vert laget oppløyst, skal lagseiga skiftast og midlane setjast i eit fond som vert styrt av ei stifting med sete i Sunnfjord og eit styre på 3 medlemmer som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane peikar ut.  Stiftinga skal syte for forsvarleg forvaltning av midlane i fondet, og slik at dei gjev rimeleg avkastning.  Av den årlege netto kapitalavkastninga skal ein tiendel leggjast til den urørlege grunnkapitalen.  Etter at driftskostnader er dekka kan den delen av kapitalavkastninga som ikkje vert tillagt grunnkapitalen delast ut til eit eller fleire gagnlege kulturelle formål i Sunnfjord.  Det bør takast omsyn til laget sin intensjon om å stø Sunnfjord Sogelag.   

7.2.   Rådet skal koma med framlegg til laget om skifting av eiga, kven som skal stå for skiftet, og korleis skiftet skal gjerast.  Dei kan og kome med framlegg om medlemmer til styret i stiftinga som skal forvalte fondet.  Framlegget skal leggast fram for og godkjennast av to årsmøte på rad, med minst 3 månader mellomrom, og krev minst 2/3 fleirtal på kvart av årsmøta. 

 

.3.   Vert avgjerd om oppløysing av laget gjort med mindre enn 20 røyster, skal avgjerda med framlegg om skifting av eiga leggjast fram for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som skal sjå etter at oppløysinga og skiftet vert gjort i samsvar med Sunnfjordlaget sine lover. 

7.4.   Skal laget oppløysast på annan måte enn nemnt over, eller er det ikkje lenger nokon som kan stå for drift av laget, og kan ta avgjerd om oppløysing, skal Fylkesmannen i Sogn og Fjordane skifte eiga i tråd med Sunnfjordlaget sine lover og i laget si ånd. Før eiga vert skift skal det vere kalla inn til årsmøte ved lysing i alle lokalaviser som kjem ut i Sunnfjord, og i minst 2 aviser som er vanleg leste i Bergen.  Innkallinga skal nemne at saka gjeld oppløysing av laget, og at eiga vert skift som nemnt over dersom det ikkje vert halde årsmøte som kan avgjere kva som skal skje med laget og eiga. 

7.5.   Vert Sunnfjordlaget i Bergen seinare reist på nytt, og nokon vil ta oppatt drifta av laget i samsvar med dei formål som er gitt i desse vedtektene, skal Sunnfjordlaget i Bergen ha rett til å ta over eiga i stiftinga og drive laget vidare med desse midlane.  Fylkesmannen i Sogn og Fjordane skal i så fall sjå til at laget vert oppretta og drive i samsvar med dei formål som her er nemnt.

8.    Brigde 

Tilråding til brigde i desse lover må vere innkomne skriftleg til styret minst 1 månad føre årsmøte, og kvart brigde krev 2/3 fleirtal. Brigde av § 4.1 (laget sin bundne kapital) og

§ 7 (oppløysing av laget) krev i tillegg godkjenning av  2 årsmøte på rad.

Bergen, 28. mars 2001

styret/ årsmøtet
Sunnfjordlaget i Bergen