UTLEIGE

Leige av Sunnfjordheimen

Sunnfjordheimen blir leigd ut til privatpersoner, bedrifter, lag og organisasjoner som ynskjer å arrangere blå-turar, seminar, feiring av åremålsdagar, konfirmasjon, bryllaup og liknande.

Huset har stove med peis, sal for foredrag/bespisning/dans, moderne kjøkken, 3 bad/toalett med dusj, 5 soverom med om lag 20 sengeplassar (ta med sengetøy/ sovepose). Kjøkkenet er utrustet med moderne komfyr, oppvaskemaskin, kjøleskap med liten frys, middagstallerkener, drikkeglas, vinglas og elles det som trengs for servering av 45 middagsgjester. Salen har sammenlaggbare bord og klappstoler til 45 gjester. Har ein behov for oppdekking til fleire personer kan deler av stove benyttes med supplerande bord og stoler.

Utenomhus er det langbord, benker, hagemøblar, og grillar som kan ta i mot nær det doble - enten i den lune hesteskoen og/eller på terrassen.

 

Leige mot dugnad

Medlemmar i Sunnfjordlaget kan leige eigedommen til private arrangement. Ein kan velge om ein vil betale med penger eller at ein utfører dugnad mot bruk av hytta. For 1 døgn leige krev vi omlag 7,5 timar dugnadsarbeid. Dette er ein ordning som mange medlemmar nytter seg av.

I sommerhalvåret er her særs triveleg og eigedommen blir mykje nytta i finvær med til dømes grilling i hage eller på veranda. Ved sjøen kan ein bade eller fiske.

Ta kontakt med oss i styret, for meir informasjon, priser o.l.

Les meir om hytta eventuelt
her.

 


Sunnfjordhytta ved Grimstadfjorden i Fana

Stove

Stove


 

Sittegruppe i stove

 

"Sal"

 


Sal med sammenleggbare bord og klappstoler

 

Langbord dekket til fest i salen

 

Langbord dekket til fest (hesteskoform)

Koldtbord-anretning på eige bord i salen

 

     
Adresse:
  Stamsneset 96, Hope i Fana